Attraksjonar

Kjøsnes ligg i Jølster som er eit knutepunkt mellom Sogn, Sunnfjord, Nordfjord og Møre. Du kan difor oppleve mange attraksjonar på ei dagsutflukt frå hyttene.

Astrup-museet

Jølster er heimen til den kjende kunstmålaren Nikolai Astrup, og du bør ikkje reise herifrå utan å ha teke den korte turen til museet.

Gå til Astruptunet sine heimesider

Den Norsk Bokbyen

Bokbyen i Mundal i Fjærland vart grunnlagd i 1995, og har no om lag 4 hyllekilometer bøker til sals i eit titals utsal av ymse storleikar og opphav: ferjeventerom, fjøs, bank, fryseri og postlokale. 

Gå til Bokbyen sine heimesider

Norsk Bremuseum

Eit interaktivt museum for heile familien som gir deg kunnskap om is, snø, landskap og klima på ein ny og spennande måte.

Gå til Bremuseet sine heimesider

Sjå også full oversikt attraksjonar på Sunnfjord.no